Stormen

Tida er ei mor

Forfatter: Ocean Vuong
Utgitt: 2023
Forlag: Samlaget

I si andre diktsamling leiter Ocean Vuong etter trøyst i det som er att etter mora døydde. Ein omsorgsperson han hadde ein kjærleg, men komplisert relasjon til. Nedtyngd i ein sorgprosess utforskar Vuong det som har vore sentrale motiv sidan debuten hans: Det ein familie har å seie, og kostnaden av å vekse opp i Amerika som eit resultat av ein imperialistisk amerikansk krig. Men denne gongen går han òg enda tettare på det engelske språket, det han aldri fekk velje sjølv. Også denne relasjonen er komplisert og har sin pris. Dikta til Vuong krinsar kompromisslaust, nakent og overgivande kring fragment av liv for å finne støtte, men òg ei meining i eige tilvære. 'Tida er ei mor' er eit ømheits-testament i ei valdeleg tid. Boka er gjendikta av Mathias R. Samuelsen. . - Nynorsk tekst

Stormen

Kontakt biblioteket:

Telefon: 75 55 61 00

E-post: bibliotek@stormen.no

 

Tilgjengelighetserklæring (bokmål)

 

 

Besøksadresse:

Stormen bibliotek, Storgata 1A, 8006 Bodø
 

Postadresse:

Stormen bibliotek, Postboks 289, 8001 Bodø