Stormen

Raudt støv

Forfatter: Tore Kvæven
Utgitt: 2023
Forlag: Samlaget

Året er 2060. Generalløytnant John Arnhem og elitesoldatane hans ligg skjult bak røter og breie bregnar i Malaysias jungel. Dei er i fiendens habitat, jakta av avanserte blodhundar som kan fanga opp lukter med konsentrasjonar ned til enkeltmolekyl. Det er her det blir avgjort om dei skal venda attende til australsk jord, eller om dei til sist skal gå i eitt med regnskogens evigvarande fukt og stank. Den verdsomspennande krigen har vart i 17 år. I Australia er det berre ein liten by i nordvest som enno klarer å halde stand mot fienden. Sentralt i forsvaret står John Arnhems spesialeining Dronningas jegerar. Men krigen og alt John Arnhem har trudd på, er i endring. Den sigeren han ein gong trudde han skulle oppleva, synest fjernare enn nokon gong. Medan krigsmaskineriet rullar fram i all sin brutalitet, finst naturen der, også den full av elende, men òg av livskraft. Medan menneska manøvrerer mot sin eigen undergang, gjer villhestane som dei alltid har gjort, dei følgjer flokken og instinktet og gjer kva dei kan for å overleve. . - Nynorsk tekst

Stormen

Kontakt biblioteket:

Telefon: 75 55 61 00

E-post: bibliotek@stormen.no

 

Tilgjengelighetserklæring (bokmål)

 

 

Besøksadresse:

Stormen bibliotek, Storgata 1A, 8006 Bodø
 

Postadresse:

Stormen bibliotek, Postboks 289, 8001 Bodø