Stormen

Husjomfru

Forfatter: Edvard Hoem
Utgitt: 2023
Forlag: Oktober

Året er 1911. Julie Elisabeth Hoem, felemakar Lars Olsen Hoems yngste dotter, døyr på gamleheimen på Nordnes, 75 år gammal. I Bergens Tidende står det at ho hadde ingen efterladte og efterlod sig intet. Romanen "Husjomfru" fortel om livet hennar. I utgangspunktet er Julie Elisabeth ei ungjente som aldri slår blikket ned, og som vekker oppsikt kvar ho kjem. Men tidene forandrar seg, og menneska blir forandra av tidene. Etter å ha tent i tidlege ungdomsår i fine hus i Christiansund, lever Julie Elisabeth som husjomfru hos dei fremste familiane i Bergen. Ho har mange tenarar under seg. Ho inntar måltida ved herskapets bord. Men ho får også erfare at det er stor avstand mellom klassane, og at den privilegerte posisjonen ikkje eigentleg er hennar eigen. Ut frå eit sparsamt tilfang av historiske fakta løftar Edvard Hoem fram eit kvinneliv i tida før velferdssamfunnet var ein realitet. "Husjomfru" er romanen om korleis tilfeldige avgjerder får livsvarige konsekvensar, om draumar om kjærleik som aldri vart fullbyrda, men også om eit liv fylt av meining. . - Nynorsk tekst.

Stormen

Kontakt biblioteket:

Telefon: 75 55 61 00

E-post: bibliotek@stormen.no

 

Tilgjengelighetserklæring (bokmål)

 

 

Besøksadresse:

Stormen bibliotek, Storgata 1A, 8006 Bodø
 

Postadresse:

Stormen bibliotek, Postboks 289, 8001 Bodø