Stormen

Foredrag // Jordboka

  • Dato

    25.april
  • Klokkeslett

    18:00
  • Spillested

    litteratursalen

Velkommen til foredrag og boklansering med forfatter Dag Jørund Lønning. Jordboka ble utgitt nå i mars og handler om alt det som skjer i jorda, og hvordan man jobber med jord. Arrangementet er et samarbeid mellom Stormen bibliotek, hagelagene Indre Salten, Tverlandet, Bodø og Gildeskål, Bodø Økologiske Besøkshage og Flor gartneri Fauske.

Gratis inngang, førstemann til mølla!

Dette skriver forfatteren om boken:

Me treng ei ny og heilt annleis forteljing om hagen. For alt medan krisene rundt oss blir stadig fleire og alvorlegare, er det dominerande hageidealet framleis tufta på alt det naturen ikkje er; storforbruk av importerte innsatsmidlar, ferdige dyrkingsoppskrifter, glansbilete og stilisme.

Hagen har altfor lenge vore den kravlause «kosearenaen». Boka løftar den fram som noko  veldig mykje meir. Hagen kan vera arenaen der Kvarmannsen verkeleg bidrar, arenaen der menneske inngår i tett samarbeid med Mor natur og utviklar dei løysingar ei grøn framtid må byggja på.

Hagen som blir presentert i boka og foredraga fornyar seg sjølv med basis i dei organiske emne som finst på staden. Naturen er sjefsgartnaren, medan hageeigaren blir ein medspelar i dei største av alle verdiskapingsprosessar; dei som omdannar det som var til det som er og skal bli. Og slik kan hagen også bli arenaen for djup naturlæring, meistringskjensle og ekte glede.

Boka og foredraga har utgangspunkt i det ansvar alle me som forvaltar eit stykke landskap sit med: Korleis kan me hageeigarar medverka til eit reelt grønt skifte, eit som endrar forholdet vårt til naturen? Korleis kan me utvikla hagen med naturen som samarbeidspartnar? Og kva kan me oppnå om me gjennomfører dette løftet saman?

Det blir eit djupdykk i den levande molda, den alt liv kjem frå og vender tilbake til. Kva gjer den for oss, og korleis kan me byggja opp jordlivet? Det blir og ei innføring i Mor natur sine reparasjonsverktøy, organismane me kallar «ugras» og «skadegjerarar». Kvifor kjem dei? Kva funksjonar har dei? Og korleis kan me unngå at dei kjem?

Anbefalinger

Stormen

Kontakt biblioteket:

Telefon: 75 55 61 00

E-post: bibliotek@stormen.no

 

Tilgjengelighetserklæring (bokmål)

 

 

Besøksadresse:

Stormen bibliotek, Storgata 1A, 8006 Bodø
 

Postadresse:

Stormen bibliotek, Postboks 289, 8001 Bodø